Kva er Open Klasse
Open Klasse er eitt av dei største ski- og snowboardarrangementa i Noreg – og ein verdig sesongavslutning for alle som meiner at livet er best med ein eller to planker festa til beina. Arrangementet er ope for alle og byr på leikne konkurransar, minieventar, konsertar, afterski og ei solid dose moro.
Under Open Klasse samlast unge og gamle, proffar og amatørar, fartsdemonar og kaffidrikkarar – alle med same mål: å ha det moro saman. Her spelar det inga rolle om du køyrer dobbel cork eller enkel twist. Du kan delta i konkurransar, henge på afterski, få med deg gratis konsertar eller berre nyte solsteiken med god underhaldning i bakken. Open Klasse er for deg!
Open Klasse blei arrangert for første gong i 2015, og har sidan den gong vakse i både kvalitet, deltakarantal og ambisjonar – omtrent som snøballen som alltid blir litt for stor på veg ned bakken.
Etter tre år med kanselleringar (grunna snømangel, covid og… ja, covid igjen), fekk me endeleg feira 5-årsjubileumet i 2022.
No er det klart for OPEN KLASSE 2026 – større, betre og endå meir leiken enn nokon gong.